onsdag 10. desember 2014

Loggoppgåver veke 50

1. Boka eg les no heiter "Rødhette", forfatter: Unni Lindell

2. Ein viktig person i boka er mordaren, det einaste vi veit er at ho er ei  kvinne med eit sterkt hat mot menn. Vi veit ikkje korleis ho ser ut, men  ved små hint i boka får vi vite at ho er ei ganske pen kvinne i slutten av 40 åra, ho ser ikkje ut som om ho kunne gjere nokon noko vondt og er difor svært farleg. Kvinna er psykisk sjuk og trur at ho berre gjer folk rundt seg ei teneste ved å kvitte seg med dei ho drep. Ho er svært smart, utspekulert, forsiktig og reinslig.

3. Ei scene i boka som gjekk inn på meg var ei skildring tå eitt drap mordaren begår. Drapet er svært detaljert og førte til at eg fekk frysningar nedover ryggen. Det frista å legge bort boka og la den ligge. Drapet foregår på eit sjukehus der kvinna lokkar ein nybakt far ned i kjelleren, ho forførar han og før han veit ordet av det har han noko skarpt i magen, denne scena var rett og slett ikkje noko hyggeleg.

torsdag 6. november 2014

Loggoppgåver veke 45

1. Eg syns arbeidsdagane var ein god måte å jobbe på. Det å få fleire synspunkt gjorde det lett å skrive analysa. Gruppa var enige om tema og hadde tolka teksten på same måte. Det eg trur vi kunne gjort betre, var å fordele stoffet meir i framføringa.  Ellers syns eg gruppa jobba bra saman!

2. Temaet i boka eg les er hat, eg trur dette er teamet fordi boka handler om mord. Og motivet bak eit drap er ofte følelsen av hat.

tirsdag 14. oktober 2014

Loggoppgåver veke 41

1. Verkemiddel i boka:

Samanlikning:  "Mødre som bruker falske øyenvipper og som pynter stuene sine med kunstige blomster. Som konkylier. Vakre utenpå, men mørke inni"

- Samanlikning "krydrar" teksten, i staden for å skrive det rett fram kan ein formulere setningane slik at dei blir mystiske. Ved hjelp av dette, blir teksten meir spennande å lese. Dette vert brukt ganske ofte i boka, eg syns det er ein god måte å krydre teksten!

Symbol: "Hun husket den plutselige følelsen av at hun var fanget, at sykehuset var et stort rovdyr"

Litt usikker på om dette er eit symbol, men eg kom fram til at det er det. Sjukehuset vert eit symbol for eit rovdyr Eg syns det  å bruke symbol er ein genial og enkel måte å skape eit språkeleg bilete med.

Overdriving:

"Det var ikke hennes skyld at det hadde blitt slik. Hun var offer for en familietragedie. Alt sammen var Lillys skyld"

Dette er overdriving, ikkje ALT i livet hennar gjekk gale på grunn av Lilly. Dette var eit veldig "Tynt" eksempel på overdriving, men det blir brukt for å gjere ting verre enn det verkeleg er.

3, Boka eg les no heiter "Rødhette" og forfattaren er Unni Lindell. Så langt likar eg boka veldig godt! Sidan døgnet ikkje har meir enn 24 timar, er det vanskeleg å sette seg ned med ei bok i ein hektisk kvardag. Eg har derfor ikkje kommet så langt på boka, men lesinga og loggoppgåvene går relativt bra!








onsdag 17. september 2014

Loggoppgåver veke 38

Boka eg les no: "Rødhette", av Unni Lindell

Skriveknep:

1= Skildring
2= Vise, ikke si
3= Overdrivelse

1. "Når følelsen av befrielse har lagt seg, kommer den frynsete angsten. Hvit og kald langs ryggraden. Brun som en stein i magen:"
(Her skildrar forfattaren korleis det kjennes ut å føle angst)

2. "Han var våt av svette langs hårfestet på halsen og under armene. Svetten rant ned i øynene hans. Han løftet hånden og gned den vekk"
(Her visar forfatteren at denne mannen var varm, han kunne og ha vore nervøs. Men i denne samanhengen var han varm og sveitt etter ein joggetur.)


3." Hun hadde sagt det tusen ganger, nå var det nok"
(Her overdriver forfattaren for å vise at karakteren i boka har sagt noko gjentatte gonger)



tirsdag 16. september 2014

Loggoppgåver veke 36

1. Boka eg les no heiter "Rødhette".
    Forfattaren heiter Unni Lindell.

2. Boka har ei sterk raud farge med ei ung, mystisk kvinne på framsida, i bakgrunnen kan vi sjå fjord og fjell som dannar ein dal. På baksida står ein anmeldelse av boka og ein liten "teaser" for å lokke folk til å lese den.


3. Eg trur boka kjem til å handle om eitt mord, eller fleire, Etter å ha lest baksida av boka får eg inntrykk av at handlinga i boka kjem til å vere ganske brutal.